Etter lang tids spekulering, planlegging og giddalaushet fekk vi endeleg satt vår første
ladning i slutten av oktober. Vi har til no satt 4 ladningar, og lærar stadig nye triks.
At vi ikkje har byrja med dette for lenge sidan er for meg eit lite mysterium, her er det
verkleg pengar å spare. Ei flaske med 1,5l heimebrygg har i underkant av 10 kr i kostnadar,
og er gjerne dobbelt så sterkt.
Nokre vil nok innvende at smaken ikkje er likegod som kjøpeøl. Personleg tykkjer eg smaken er
god, dessuten finnast det mange variantar slik ein kan prøve seg fram til ein ein likar.
Vi har brukt ferdige bryggesett, då dette er enkelt og billig.
'Bryggesnobbar' vil nok rynke på nasen av dette, men vi finn som sagt smaken tilfredstillande,
samt at dette er ein fin innfallsport til bryggekunstens verden.
Utstyr som trengs:
Malt og gjær Vi brukar Coopers, og då helst den med grøn kork. Pris: ca. 130 kr
Plastdunk Omlag 30 liter. Pris: ca 110 kr
Hevert Pris ca 50 kr
Vannlås Pris 10 kr
Vaskemiddel Pulver for å sterilisere dunken og flaskene. Pris: ca 45 kr
Alkometer Apperatur for måling av alkoholprosent. Pris: ca. 30 kr
Sukker Omlag 2kg alt etter kor sterkt ein vil ha det. Pris: ca. 10 kr pr kg
Plastflasker 16-17 1,5 liters brusflasker
Panne Ei litt stor panne for oppløysing av sukker
Framgangsmåte:
Fyrst må ein vaske dunken, panna og røreausa med vaskemiddelet.
Sett boksen med malt i varmt vatn for å gjere det lettare å helle frå denne.
Varm opp vatn og sukker i panna. Dette treng ikkje å koke, men alt sukkert må vere oppløyst. 2 kg sukker gjev ein alkoholprosent på omlag 9%, 1,5 kg omlag 7%.
Hell innhaldet opp i dunken.
Tilsett malten, og rør rundt.
Ha i lunka/kaldt vatn til blandinga har ein temperatur på omlag 30°C.
Tilsett gjæren og rør litt rundt
Fyll opp resten av dunken med lunka vatn
Ta på lokket og sett i vatnlåsen. Hugs å ha i riktig mengde vatn i vatnlåsen.
Sett dunken på badet eller ein annan plass der temperaturen er mellom 25° og 30°C for å ikkje ta knekken på gjæren.
Etter 6-8 timar bør det begynne å putre av dunken.
Vent ei vekes tid.
Når putringa meir eller mindre har slutta er det tid for tapping.
Vask flaskene som skal nyttast. Brusflasker bør skyllast fleire gongar og vaskast med vaskemiddelet.
Flytt dunken over på eit bord. Unngå å virmle opp botnslammet. Eit godt tips er å sette dunken litt skeivt slik at botnslammet samlar seg i eine enden.
Opne lokket og kjenn på godlukta.
Bruk heverten til tappe opp på flaskene.
Etterkvart som ein tappar opp tilsett ca. ei teskei med sukker. Skru på korken og snu flaskene litt rundt for å blande sukkeret.
Flaskene bør ristast forsiktig dei fyrste dagane for å blande botnslammet.