Startsida Siste nytt Om meg Biletegalleri Nyttig Moro Lenkjer Avstemming Gjestebok Forum Kontakt |
Her er nokre nyttige program som eg har kommt over på min vevferd. Ad-aware 6.0Eit særdeles nyttig program for å rydde opp litt på maskina. Fjernar spyware og andre ulumskheitar. OS:98/98SE/ME/NT/2000/XPLes meir her:http://www.lavasoft.de/default.shtml.en Aida32 v3.85Aida32 gjev deg full oversikt over alle komponentane i maskina di, og kva dei styrar med for tida. Det du ikkje finn av informasjon i Aida32 vil du ikkje vete. Anbefalast på det varmaste. Aida16 for Windows 95/98 kan lastast ned frå Aida si heimeside. OS:2000/XPLes meir her:http://www.aida32.hu Bandwidth Monitor v1.52Program som loggar kor lenge du er på nettet og kva hastighet du har. Sikkert nyttig for dei som betalar for nettilgong, samt dei som lurar på om dei får den snøggleiken som dei betalar for. OS:alle WindowsLes meir her:http://www.bmextreme.lp23.com Diskeeper Lite v7.0Diskeeper Lite er eit defragmenteringsverkty for harddiskane dine. Den gjer jobben betre enn det defragmenteringsverktyet som følgjer med Windows. Pluss i margen at programmet gjev deg råd om du bør deframenter og kor ofte. OS:98/98SE/ME/NT/2000/XPLes meir her:http://www.executive.com/diskeeper/diskeeper.asp Double KillerDouble Killer er eit program for opprydding av dublikate filer på harddisken. Mogleik for å skreddersy søket ditt gjer at dette sikkert er eit nyttig verkty for dei som er plaga med liten diskplass. Personleg har eg ikkje hatt så mykje glede av den sidan ledig diskplass er stor, og eg har stort sett kontroll over kor eg har dei ulike versjonane av filane. OS:alle WindowsLes meir her:http://www.bigbangenterprises.de/en/doublekiller/ doxdesk.comdoxdesk.com er ein vevstad som omhandlar bl.a. parasittar.(t.d. Gator, CometCursor, HotBar) Her finn du eit enkelt vevbasert søk etter parasittar, samt mykje informasjon om dei enkelte parasittane og korleis ein kan fjerne dei. OS:-Les meir her:http://www.doxdesk.com/parasite/ Fast Defrag 2.0 ProfessionalIkkje alle program er like flinke til å rydde opp i minnet etter seg. Fast Defrag er programmet som tar jobben for deg! No er ikkje eg plaga med lite tilgjengeleg minne, men programmet ser ut til å gjere jobben sin. Kvar gong eg har køyrt Fast Defrag så har den frigjort omlag 10% minne. OS:alle WindowsLes meir her:http://www.amsn.ro Google ToolbarGoogle Toolbar er eit promoteringstiltak frå Google som knappt kunne forsvare plassen sin på nyttig-sida mi hadde det ikkje vert for popup-sperra som ligg i tenesta. Har sjølv brukt denne ei stund no, og den ser ut til å funke fint. Popup-sperra er førebels ikkje tilgjengeleg i den norske versjonen av Google Toolbar, så det er den engelske versjonen eg har liggande her. OS:alle WindowsLes meir her:http://toolbar.google.com/ HDD HealthHDD Health er eit program som sjekker helsa til harddisken/-ane din(e). Programmet skal kunne gje beskjed om harddisken stryk med på førehånd! Programmet påstår eg har for høg temperatur på den eine harddisken min, så eg får vel investere i fleire vifter snart. OS:alle WindowsLes meir her:http://www.panterasoft.com/ ProcInfoNok eit program som kan hjelpe deg i kampen for ei litt raskare maskin. ProcInfo tar føre seg alle prosessane som køyrar på maskina. Programmet hentar informasjon frå fleire ulike vevstadar, og ein lyt difor vere tilkopla internett når programmet køyrar. I tillegg til å seie noko om kva prosessen gjer, gjev ProcInfo deg råd om du bør avslutte prosessen og i nokre tilfelle også korleis. OS:alle WindowsLes meir her:http://www.amsn.ro/ RegcleanerEit anna nyttig program for å rydde litt. Ryddar opp i dei ulike registera. Det som trekk litt ned er at det ikkje lenger vert oppdatert, samt at det kan vere litt vanskeleg for fyrstegongsbrukarar. OS:alle WindowsLes meir her:http://www.jv16.org/ Shoot The MessengerShoot The Messenger er eit enkelt verkty for å stoppe Windows innebygde 'Windows Messenger Service'. Dette er ei lite nytta teneste, som i tillegg til å vere eit sikkerhetshol, også kan nyttast til å spreie spam. Messenger må ikkje forveklast med MSN Messenger, Windows Messenger, ICQ eller andre messengertenester. OS:2000/XPLes meir her:http://grc.com/stm/ShootTheMessenger.htm Spybot Search & Destroy 1.3På linje med Ad-aware eit 'must' for alle med eit kjenslevart forhald til pc'en sin. Ryddar opp i spyware, dialera og anna ulumskheitar. OS:alle WindowsLes meir her:http://www.safer-networking.org/index.php?page=spybotsd Startup Control PanelEit program som gjev deg full kontroll over kva program som skal vere med i oppstartsrutinane. Nyttig dersom du likar å ha full kontroll. Det finnast mange andre program som gjer same nytten, deriblant finn du noko av same funksjonaliteten i Regcleaner. OS:alle WindowsLes meir her:http://www.mlin.net/StartupCPL.shtml Startup MonitorEit program som varslar dersom eit program vil leggje seg sjølv inn i oppstartsrutinane. Nyttig dersom du er plaga av spyware, trojanerar og anna rusk og rask som på død og liv vil beslagleggje dine dyrbare ressursar. OS:98/98SE/ME/NT/2000/XPLes meir her:http://www.mlin.net/StartupMonitor.shtml Swat ItEit program for fjerning av trojanera og andre bot'ar. Har kun brukt dette programmet ved eit par høve, og fekk då ingen treff, men reknar med at det gjer jobben sin. OS:alle WindowsLes meir her:http://swatit.org/download.html XenuXenu er eit nyttig verkty for administratorar av litt større vevstadar. Xenu sjekker status på alle lenkjene dine slik at du kan endre/fjerne daude lenkjer. Mogleiken for å hindre Xenu å søkje på enkelte delar av vevstaden, som t.d. forum, gjer at ein kan begrense treffa sine betraktleg. OS:alle WindowsLes meir her:http://home.snafu.de/tilman/xenulink.html ZoneAlarmZoneAlarm vert av dei fleste omtala som den beste brannmuren som er tilgjengeleg heilt gratis. Då eg er fornøgd med brannmuren eg allereie har har eg ikkje testa denne. OS:98SE/ME/NT/2000/XPLes meir her:www.zonelabs.com/ |
![]() | |