Startsida Siste nytt Om meg Biletegalleri Nyttig Moro Lenkjer Avstemming Gjestebok Forum Kontakt |
Siste nytt:Nytt biletegalleriDå har eg endeleg sosa meg til å ta nokre bilete av den nye farkosten min. Bileta vart så som så, bilen var uvaska og omgjevnadane kanskje ikkje dei beste, men her er no bileta. Får sjå om eg ikkje tar nokre betre bilete ut på vårparten. Ellers går no livet no livet i den same gamle tralten. Mykje jobbing og litt skule innimellom. Planen er ta eit fag kalla Database II og internettprogrammering. Ellers har no jula komme og gått. Og som så mange gongar før innebar det mykje god mat og drykke. 23/01-05 23.59 Skrevet av HanSomEigentlegBurdeLagtSegNy farkostSidan den gamle trufaste travaren min fant ut at det var på tide å legge inn årene, har eg gått til innkjøp av ein ny fakost, type bil. Eg var ein stund i tvil om eg trengte ny bil, men lengselen etter fergekøyring, utallige timar med fundering og bilradio-montering, samt det urasjonelle kollektivtilbodet her i fylket gjorde valet tilslutt nokso lett. Då eg samstundes kom over ein pent brukt Toyota Carina E XLi Ultra 16v så slo eg jammen til. Har no brukt cirka 3 veker på fundering og montering av bilstero, samt ein DVD-spelar (DVD spelar må vi ha, jajaja, sikkert nyttig og kjem til å bli mykje brukt :)), og no trur eg at eg snart har komt fram til ei løysing eg kan leve med. Heilt sidan dag ein har eg tenkt på å legge ut eit biletegalleri, så med min snøggleik så kan det kanskje hende at tiltaket vert iverksatt før jul. 04/12-04 17.06 Skrevet av bilistenSomlekoppSvært lenge sidan forrige oppdatering, ser meg sjølvsagt lei for det. Livet går no sin vante gong, og alt står bra til. Har jobba mykje i det siste og ser fram til å ha litt ferie på Foss. Der skal eg fram til jul ta føre meg litt Samfunnsvitenskapleg Metode ved ledige høve. Kanskje ikkje det mest gjevande, men har ikkje lyst å gje slepp på det gode studentlivet heilt enno. Ferie vart det ikkje så mykje av i år, men ein tur til Danmark og ein til London har eg no fått med meg (den siste riktignok i jobbsamanheng, dei kjedelege bileta ser du her.) 27/09-04 23.56 Skrevet av somlekoppenBiletegalleriHar endeleg somla meg til å lage ein bileteseksjon her på trondstian.com. Førebels er det ikkje så mange bilete, men eg håpar det kjem seg med tida. Biletegalleria kjem inn for programmeringsseksjonen, som aldri vart noko særleg. Bileteseksjonen finn du her. Har og lagt ut eit nytt program, ProcInfo, under nyttigbolken. Ellers hadde eg eksamen i personalleiing på laurdag, og kryssar fingrar og tær for at det gjekk bra. 26/04-04 21.15 Skrevet av fotografenArtspagesMeir som ein tilfeldighet fekk eg nyss i at eit datafirma her i Sogndal var på jakt etter deltidshjelp. Utan å vite stort om firmaet tok eg kontakt, og snøballen byrja å rulle snøgt. Forrige måndag underteikna eg kontrakten med Artspages. Artspages har sitt hovudsete i fjøra, men har eit omfattande nettverk med ansatte i fleire land. Forretningsideén er å tilby digital musikk til bedriftskundar. Artspages har til no vert med i eit EU-prosjekt, Emucast, der blant anna NRK og Rundfunk Berlin-Brandenburg er blant partnerane, men er no på veg over i kommersiell drift. Firmaet hala nyleg i land ein kontrakt med den største internettleverandøren i Kina. Dei er foreløpig den einaste med slik lisens i det restriktive Kina. Du kan lese meir om Artspages her. Eg har førebels kontrakt fram til sommaren, så får vi sjå kva som skjer etter det. 11/03-04 22.28 Skrevet av den deltidsansatteIT-konsulent Førde?Høgskulen i Sogn og Fjordane har i det siste lyst ut stilling som IT-konsulent, og eg har no valgt å søkje på denne. Jobben ville ha passa meg glimrande, men konkurransen vert nok knallhard sidan både Jan Roger og André har søkt. Lite har skjedd på trondstian.com i det siste og eg tar all mogleg kritikk for det. Har no endeleg laga ein "aktueltboks" på framsida, den vert nok nyttig. Har og somla meg til å lage noko meir om bryggeprosjektet vårt. Her vil du finne ein brukarveiledning, samt nokre bilete. Dette vil du finne her. 18/02-04 00.54 Skrevet av jobbsøkjarenJuleferieDå er skulegongen over for i haust. Har hatt 3 eksamenar i henholdsvis marknadsføring/organisasjon, bedriftsøkonomi og matematikk. Følar at alle eksamenane gjekk bra, og særleg bed.øk'en. Er det lov å håpe på ein A ;) So no er det pinnekjøt, pakkar, rakettar og anna kos og hygge som står i høgsetet. Kenfred.com lanserte ideen med julenøtter, men sidan julefreden har senka seg for min del har eg valgt ei enkel løysing som du finn i forumet. Nøtteideen er så knekkande god at eg syslar med tanken om å starte trondstian.com sine eigne nettnøtter på nyåret. Innspel om dette mottakast med takk. Ellers vil eg minne om julebrustevlinga som du finn på avstemmingssida. God Jul og eit rasande festleg nyttår. 10/12-03 15.52 Skrevet av den ferierande studentJubileumtrondstian.com er i desse dagar 1 år gamal. Vevstaden vart skipa for teste ut kunnskapane eg hadde tilegna meg på informasjonsbehandlingsstuidiet. Det fyrste designet var rett og slett mindre bra. Det kan du sjå her. I mai vart det gjort nybrotsarbeid på trondstian.com og den 28 mai i år vart designet endra til noko liknade det som er rådande i dag. Jubileumet vart tenkt feira med nytt design, men det skjer ikkje med det fyrste. I staden har eg laga ein ny "heading" for å syne mine nyss tilegna flashkunnskapar. Nyttigbolken vert også utvida. Ellers skal eg ha samfunnsteneste på Meieriet i dag. Det vert nok kjekt. 17/11-03 13.40 Skrevet av JubilantenStringmachineMusikk har stått i sentrum denne helga for mitt vedkommande. Fredag var det SPAN konsert med tilstøytande fyll og fanteri. Eg hadde ein del forventningar til SPAN, og vart slett ikkje skuffa. Laurdag bar det av stad til Bergen og konsert med Bjørn "stringmachine" Berge på Madam Felle. Og for å slå det fast ein gong for alle, konserten var verdt kvar ei krone! Eit lite skår i gleden var at kombinasjonen "seint ute" og "lite lokale" synte seg uheldig for vår del. Dette resulterte i at vi vart ståande langt bak akkurat der folk passerte for å komme til baren og toalettet, men trass i dette var det ein bra konsert. Ellers kan det vel nemnast at Kai Jonny og eg har satt øl, og om eit par dagar skal det tappast over på flasker for ytterlegare lagring. Satsar på at det vert klart til Turbonegerkonserten den 7. november. Eg har også oppdatert "nyttig" sida med bl.a. nyaste versjon av Ad-aware, samt ein del nye nyttige program. Forslag eller meiningar om nyttige program? Ta kontakt! 27/10-03 23.53 Skrevet av Trond StianIntet nytt under solenDet er lenge sidan sist eg skreiv noko i denne spalta, og det må eg vel skylde på at det for tida skjer lite. Livet går sin vante gang, studiane står i "høgsete", fotballen går som forventa og alkoholen kjem og forsvinn. Noko av tida i det siste har gått med til arbeid med studentguiden. Mykje dilldall arbeid, ikkje ulikt dei gode gamle heimeeksamenane. Hadde nok sett føre meg meir grafisk arbeid på mac'en, til no har det vert mykje dilling med Excel, makroar og sortering av lister. I dag gjekk eg til innkjøp av ein sårt tiltrengt tv-benk slik at eg kunne få "tilbake" middagsbordet mitt. Problemet no er ikkje heilt veit korleis eg skal få plass til dette middagsbordet. Ommøblering vert kanskje snart gjennomført. Kai Jonny lanserte idéen om hems, dette er heilt klart blant dei betre "til-no-ikkje-gjennomførte-idéar" som er kokt i hop på seksjon 5. Dette hadde løyst alle mine plassproblem. Vi får sjå om ikkje det kan la seg gjennomføre! Har og eit lite videoprosjekt gåande. Har tenkt å overføre filmar frå Hi8-kassettar til dataen. Her vil eg kanskje redigere dei litt og brenne dei ut på DVD, CD eller VHS. Viss det er nokon som har kunnskap, erfaringar eller kanskje til og med eit gamalt Hi8 kamera liggande og slenge, bes desse gje ein lyd frå seg. Dei fleste har vel fått med seg at avstemmingane for ei tid sidan fekk sin eigen seksjon på trondstian.com. Har du forslag til avstemmingar, ta kontakt då vel! 08/10-03 22.10 Skrevet av SituasjonsbetraktarenDiskusjonsforumtrondstian.com har no implementert eit diskusjonsforum. Forumet er utvikla v.h.a. php og MySQL for dei som måtte ha interesse for å vite det. trondstian.com har tidlegare ikkje sett nytten av dette (gjer det vel kanskje ikkje no heller), men av læringsårsakar har eg likevel valgt å lage eit slik tilbod. Utviklinga gjekk raskare enn forventa, brukte i overkant av ein dag. Noko arbeid gjenstår sjølvsagt, men grunnpilarane er lagt ein gong for alltid. Då gjennstår det vel berre å oppfordre alle til å ta turen innom forumet, og hugs: ingen diskusjon er for stor eller for liten for trondstian.com 11/09-03 01.39 Skrevet av DiskusjonsmekkerenSogndal - RosenborgFor ikkje mange timane sidan var eg på sogndalkamp, og her kjem nokre synspunkt. Vi var vel alle spente på korleis tapet i Bergen ville slå ut, samt RBK sin sorti i CL. Uavgjort mot dei suverene serieleiarane er vel ikkje noko å seie på, men eg sit likevel med litt blanda følelsar då eg meinar at vi like gjerne kunne vunne. Fyrste omgangen var prega av mykje feilpassningar frå SIL sin side, eg savna verkeleg Kalvenes og ikkje minst Buer Johansen. RBK fekk eit "heldig" mål på eit godt skot av Storflor. I andre omgang var Sogndal betrakteleg betre. Flo og Ystaas hadde eit par sjansar som godt kunne ha blitt mål. RBK kan takke ein god Espen Johnsen for at det ikkje vart fleire baklengs. Det bør vel seiast at eg sjeldan har sett eit så lite angrepsviljug lag som RBK var til tider. Kunne sjå ut som at dei var fornøgd med å trille ball i forsvaret, minner meg om 2-2 kampen i fjor. Ikkje noko galt i det, dei leia jo tross alt, men meinar å huske ein god del RBK-supportarar som klaga over det same når lag gjer det på Lerkendal. Nok om det, målet til Tangedal sikra meg ein ikkje heilsvart dag. (Man. Utd. gjekk, som kanskje dei fleste veit, på eit tap mot Southampton). Sidan både B/G og Odd tapte er vi fortsatt med i medaljestriden, noko som overgår tipset mitt før sesongen som var +/-- ein 6. plass. 01/09-03 03.02 Skrevet av FotballanmeldarenSkulestartTil dei faste sjåarane av denne vevstaden får eg berre beklage at den ikkje har vorte oppdatert i sumarferien. Får skylde på ugunstige skiftordningar, samt at ei lynrask 56k linje ikkje inspirerar til slikt arbeid. No som sumaren snart er over meldar studentlivet atter sin ankomst. Eg skal i år ta årsstudium i bedriftsøkonomi, så mykje at eg får skrapa i hop ein bachelorgrad. Kvardagen verkar til å verte ein heilt annan enn info.beh.studiet, mykje førelesningar og lite praktisk arbeid er ikkje det eg helst føretrekk. Men matte og bed.øk. burde dog gå greitt sidan eg hadde det på vidaregåande. Ellers må eg seie meg særs nøgd med Premier League opninga, og full pott etter to rundar. Tapet av Beckham og Veron ser ikkje ut til hemme oss noko særleg, kvifor i allverda skulle det eigentleg gjere det når vi har Scholes og Butt. Sogndal, derimot, ser ut til å gå på ein stygg smell i Bergen. 25/08-03 20.41 Skrevet av webeditorenFerdig med heimeeksamenVart til slutt ferdig med heimeeksamen etter heftig nattarbeid, og godt er det. Vil nytte høvet til å takke Kai Jonny og Kenneth for hyggeleg lag. Som du kanskje har lagt merke til så har eg gjort nokre endringar på sida mi. Gjesteboka ser betrakteleg betre ut, etter mykje om og men har eg no valgt å nytte iFrame til denne. Har ikkje enno ikkje gjort noko med script/tag problematikken, så eg ser føre meg mykje moro med eReg() implementering. Har også endra "headingen" etter at nokre betrevitarar meinte denne var særs dårleg. 07/06-03 04.10 Skrevet av vevmekkarenHeimeeksamenSola skin, fuglane kvitrar, utepilsen lokkar, soft-ice'n ser god ut. Kva er då meir naturleg enn å bruke ei heil veke på "Interaction Design", brukarorientert design og andre særs nyttige designvurderingsmetodar. Tanken på nattarbeid, skrivekrampe og musearm gjer meg heilt vonbroten. Det at omlegginga av heimesida mi har voldt meg fleire problem enn eg opphavleg trudde, gjer ikkje det heile noko betre. Eg såg nok ikkje konsekvensane av det arbeidet eg påstarta, naiv som eg var. Kan nok ta noko sjølvkritikk på alt for hastig implementering. Når lysta/viljen/evnene/tolmodet atter melder sin ankomst skal alt verte så mykje betre. 02/06-03 01.48 Skrevet av vevredaktørenNy utsjåande implementertI dag/natt kom endeleg det lenge etterlengta nye designet av heimesida mi. Planane har lenge låge i bakhovudet mitt, og det er såleis med eit letta sinn eg kan konstatere at omlegginga snart er fullført. Enno ligg mykje arbeid føre meg for at heimesida skal verte i tipp topp stand, men sidan klokka no er 03.49 vel eg å gje meg ein god klapp på skulderen og ynskje meg sjølv ei god natt. 28/05-03 03.49 Skrevet av vevmeistarenWap-siderwww.trondstian.com har no sine eigne wap-sider! Dei finn du på http://www.trondstian.com/wap/index.wml Foreløpig inneheld dei ikkje så mykje, men kven veit kanskje ein dag i framtida.... 01/04-03 12.25 Skrevet av wapmeisteren |
![]() | |